Kultur | 12. okt. 2012

– Romantisk og smakfullt

Kokken Lukasz får boltra seg på Engeline: Kafé Engeline har huka tak i kokkar og nye servitørar for å opna nytt tilleggskonsept; gourmetrestaurant på kveldstid.

– Romantisk og smakfullt
Kokkane og tre av servitørane som skal driva Restaurant Engeline, f.v.: Hilde Storaker Melling, Hanne Sædal, Tina Bøe Buer, Lukasz Brekke og Christer Stenhaug. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. okt. 2012 12:59

Kafé Engeline, som opna i Brugata i mai 2011, har blitt ein populær samlingsplass på dagtid, og fast som middagsrestaurant siste søndag kvar månad.

Og no vil eigarane, dei to søstrene frå Strøno Borghild Strønen og Dagrun Fjellbakk, ha fleire bein å stå på.

– Eg har lese ein del om Lukasz og hans kunnskap og filosofi om bruk av lokale, kortreiste råvarer. Det var det som tente meg, seier Borghild Strønen.

Les òg: Skummel sanseoppleving

Ho inviterte til møte og dei fann fort ut at med Engeline sitt kjøkken og Lukasz sin kunnskap låg det meste til rette for eit prøveprosjekt med restaurantdrift i helgene.

Vil by på noko spesielt

Lukasz fekk med seg kokken Christer Stenhaug, som gjekk læretida same stad som han sjølv, Bjørnefjorden Gjestetun, og nokre jenter med erfaring frå servering, hotell og kantine.

– No har vi lokale, bemanning og den første menyen klar, seier Lukasz Brekke.

I utgangspunktet var det sett opp ein 3- og 6- rettars meny, men det blir også a la carte, altså mogleg å kjøpa seg ein enkel rett.

– Lokalet er ideelt i storleik og stemning, uformelt, koseleg og midt i sentrum, supert for ein romantisk middag og ei speiell smaksoppleving. Kanskje for kjærastar som ikkje har gjort noko saman på ei stund.

– Vi håper derfor at flest mogleg av gjestane våre tar seg tid til å lata dette bli meir enn eit måltid, mange og unike smaksopplevingar i godt selskap er noko for seg sjølv, meiner kokken.

Kortreist og sjølvplukka

Kokken, som blant anna harnokre månadar fartstid ved verdas beste restaurant, Noma i København, har dei siste åra hatt fokus på nordiske råvarer.

– Det kan vera sjølvplukka i nærområdet og det kan vera kortreist frå eit småbruk i ei nabobygd.

– Vi har allereie planar om å kjøpa oksekjøtt av limousin frå Moberg og lam frå Bø, saman med ulike råvarer frå bønder som dyrkar økologisk her på Vestlandet.

Kveld og dag

"Restaurant Engeline - det naturlige kjøkken" blir tittelen når Engeline fredag- og laurdagkveldar blir omdanna frå kafé til restaurant.

– Vi opnar torsdag 1. november, men held frå då av ope på kveldstid fredagar og laurdagar. Kafeen held fram som vanleg, i tillegg til at den byrjar å ha ope med middag kvar søndag, i staden for éin søndag i månaden, fortel Brekke.

Engeline har plass til rundt 40 gjestar, med Lukasz ser for seg at 25 er passeleg i gourmetrestauranten.

– Gjestane kan droppa innom, men vi håper vi får inn ein kultur for bordbestillingar frå starten av, seier kokken, tre veker før opning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.