Finaleplassen glapp med knapp margin
Øyasæter og Tjøm kjempa seg til semifinale.

Erling Holst Øyasæter, som er i Sveits for å kjempa om plass i Tokyo-OL i dobbelsculler saman med Ask Tjøm, kjempa seg eit steg vidare i går.
Dei blei nummer 3 i forsøket, der 1. og 2. plass gjekk til semifinale, men sikra seg den siste plassen i semifinalen då dei vann oppsamlinga laurdag ettermiddag.
Erling og Ask rodde inn til siger på 06:28,83 framfor båtane frå Estland, Chile, USA, Finland og Egypt.
Dårlig vêrmelding i sveitsiske Luzern gjer at finalane er framskynda frå 17. mai til i dag.
Men først står en tøff semifinale for tur. 18 lag kjempar om to plassar i OL i Tokyo seinare i sommar, og Erling Hols Øyasæter er Os Roklubb sin første reelle kandidat til leikane sidan Bård Alfred Monsen i 2004.
Semifinalane går søndag morgon.
Oppdatert: Stang ut!
Øyasæter og Tjøm hamna på 4. plass av 6 båtar i den eine av to semifinaleheat.
Dei tre beste frå kvar semifinale gjekk vidare til finale.
På damesida har Noreg stilt med singel, dobbel og dobbeltfirar, der dobbeltfirar har kome seg vidare.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.