Rota vekk sigeren
Osherrane har berre seg sjølv å takke for at dei ikkje slo Sotra og tok tredjeplassen i 3. divisjon.
Handballherrane har levert ein godkjent sesong og kunne søndag toppa det heile med å innta tredjeplassen om dei slo Sotra heime i Oshallen. Sist dei to laga møttest vann Os med tre mål.
I starten av kampen såg det ut som det skulle gå vegen. Os gjekk raskt opp i fire målsleiing, men så sa det stopp. Etter 24 minutt er gjestane tilbake på 9-9, etter ei periode kor Os gjer dårlege val i angrep og roter det vekk.
Som saltstøtter i forsvar
Bakover på banen er det ikkje mykje betre. Eit lite bevegeleg Osforsvar gjer at Sotra kjem til den eine sjansen etter den andre, men Einar Godø i heimemålet plukkar mange av dei.
I tillegg får Os tre utvisningar i løpet av omgangen, noko som normalt skal vera ei ulempe, men då skjerpar herrane seg og går til pause med 12-11-leiing.
Snakka på seg utvisningar
Andre omgangen startar som den første med Os i føringa og opp i fire målsleiing, 20-16 etter snaue ti minutt. Igjen byrjar heimelaget å rota og tre minutt seinare er laga igjen ajour.
Derfrå og ut følgjer laga kvarandre tett fram til det står vel to minutt att. Då snakkar både keeper Einar Godø og storskrårar Arne Veim Haugland på seg to minutts utvisning og gjestane drar ifrå og vinn 28-32.
Med litt meir fokus og innsats frå heimelaget ville sigeren vore grei. Det var nemleg ingen andre på parketten som var betre enn dei. I staden for den gjeve tredjeplassen endar herrane på femte i årets 3. divisjon.