Brann og beredskap | 03. okt. 2022

Røykutvikling på Lunde barneskule

– Alle har kome seg ut.

Røykutvikling på Lunde barneskule
Lunde barneskule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. okt. 2022 15:11

Måndag klokka 17.04 gjekk ein automatisk brannalarm i Lunde barneskule. i Klasavegen.

Samtidig kom det melding om røykutvikling i skulebygget.

– Alle som var i bygget då alarmen gjekk har kome seg ut, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

– Brannvesenet er på staden, vi er på veg.

110-sentralen har oppdatert med at røyken kom frå eit batteri som sto på lading.

– Det er ikkje spreiing til bygningsmasse, vi har kontroll på staden, opplyser brannvesenet.

Det er seinare opplyst at det var batteri til ein sykkel som sto på lading.

Nødetatane skal ha fellesøving i tunellane på ny E39 i dag. Denne skulle ha starta klokka 17.30. Det er uvisst om utrykkinga får konsekvens for tidspunktet for øvinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.