Runddriblar rundstolen
- Eg skal til England i morgon, så det passa ganske dårleg å bli loppa for mobil og lommebok, seier Tim.
Medan A-laget til Os var på trening på Kuventræ måndag kveld blei fleire spelarar robba for mobiltelefon og lommebok.
- Treninga var ferdig klokka 20.30. Eg, Remi Osebakken og Per Søgnen Merai var dei siste som gjekk i garderoben. Både eg og Remi saknar lommebøkene og telefonane våre, seier Tim.
- Det var ein del som var gått heim, kanskje er det fleire av dei òg som har blitt robba.
Dårleg timing
Å mista verdisaker, legitimasjon og mobiltelefon med kontaktar, bilde og filmar er aldri kjekt. At det skjedde akkkurat i går var ekstra surt for Tim.
- I dag skulle eg på Kvamskogen med ungane, men no må eg bruka tid på å få midlertidig kjøreløyve til eg får nytt sertifikat.
- I morgon skal eg til England og sjå Arsenal-Barcelona, og burde hatt ting på stell før avreise, fortvilar Sperrevik.
No har toppskåraren til Os vore på lensmannskontoret for å melda tjuveriet, og for å få kjøreseddel. Turen går vidare til Lehrmanns for å få ny mobil.
Lenge sidan sist
Tim veit ikkje om det er observert folk ved anlegget på Kuventræ medan dei var på trening i går, men seier han håpar tjuvane blir tatt.
- Det er heldigvis ikkje ofte at det skjer slike ting på Kuventræ. Eg trur ikkje vi har hatt tjuvar i garderoben vår på 18 år. Den gong var eg gutespelar og syndarane blei tatt, fortel Tim.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.