Lokal | 09. okt. 2018

Rusa gjennom Langedalen første nyttårsdag

Mann dømt etter å ha starta året med ein ruspåverka køyretur.

Rusa gjennom Langedalen første nyttårsdag
Mannen køyrde på E39 og gjennom Langedalen før han blei stoppa. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. okt. 2018 06:54

I 15.30-tida måndag 1. januar blei ein bil stoppa etter å ha køyrd både på E39 og gjennom Langedalen.

Bilførar, ein mann i 40-åra frå Bergen, blei mistenkt for å vera påverka. Blodprøve viste ein konsentrasjon av klonazepam som tilsvarar over 0,5 i promille.

Sikta møtte i retten og tilsto.

Han blei dømt til tap av førretten i eitt år, og til 25.000 kroner i bot. Han blei òg dømt til 15 dagar fengsel, men soning er utsett på vilkår, med prøvetid på to år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.