Lokal | 14. nov. 2012

Rusa gut bak rattet

Politiet mistenkte ein 17-åring for kjøring i rusa tilstand. Så blei han og kameraten kjørt til sjukehus for behandling av overdose.

Rusa gut bak rattet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. nov. 2012 23:31

Onsdag kveld blei ein gut som ikkje er gamal nok til å kjøra bil stoppa og mistenkt for kjøring i rusa tilstand.

– Patruljen rykte først ut på melding om støy på ei adresse i Kuvågen, fortel operasjonsleiar Ronny Jarle Lentføhr.

Det var ein del bilkjøring på staden og ein av bilførarane viste seg både å vera for ung til å kjøra bil, og naturlegvis utan førarkort.

I tillegg blei han mistenkt for kjøring i rusa tilstand.

Guten viste symptom på overdose og er no innlangt på sjukehus.

Fann GHB

Saman med 17-åringen blei ein mann i 20-åra tatt med til sjukehus for behandling.

– Dei fekk behandling og blei etter at dei var dimittert overført til arresten.

I husværet blei det funne noko politiet trur er GHB.

Også natt til onsdag blei det meldt om bråk på same adresse i Kuvågen. Då fann politiet narkotika.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.