Lokal | 03. mai 2010

Russen er laus

Det starta så tidleg og roleg med bygging av snødame i januar, men no utfører russen frekkare stunt i rundkjøringene i Os.

Russen er laus
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. mai 2010 11:48

I januar, uvanleg tidleg, starta russen å romstera i ei av rundkjøringene i Os. Då bygde to jenter ei snødame i krysset mellom Byvegen og Industrivegen.

No er russetida i gong, og russen er ikkje like snill lengre. I dag blei Undino i rundkjøringa i Os sentrum pynta med ei trillbår i toppen.

Etter det vi kjenner til blei trillebåra "funnen" i nærleiken.

Om russen sjølv hadde planar om å ta den ned igjen veit vi ikkje, men i skrivande stund får vi tips om at det er ein mann som er i ferd med å fjerna trillebåra. Han er ikkje kledd i russedress.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.