midtsiden

Rustar opp med Røstøen

BERAS vil raskast mogleg i gong med utviding og opprusting av Oshjørnet. No er arkitekt engasjert.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Bergen Eiendomsrådgivning AS (BERAS) forvaltar BB Eiendom Invest I KS. Fondet, som blant anna eig Oshjørnet, har no engasjert Arkitektkontoret Ulf Røstøen AS for å utarbeida planar for bygget.

- Vi inviterte nokre utvalte arkitektar til å koma med idear og tilbod, og valte å jobba vidare med Røstøen, seier dagleg leiar i BERAS, Terje Haugan.

Ulf Røstøen er same arkitektkontor som vann arkitektkonkurransen om å teikna Telthusplassen, den idylliske plassen ved Baronselva som sto ferdig i juni 2009.

- Som nytt
Det er arkitekt Signe Mossige hos Ulf Røsten som sit med prosjektet.

- Dette er eit veldig spennande oppdrag, med plassering midt i sentrum, med torget på den eine sida og Oselva på den andre, seier Mossige.

- Det gamle blir rusta opp, i tillegg kjem det ein del nytt. Heile fasaden blir endra, det kjem til å sjå ut som om det blei bygd i 2010.

Heis og nye bustadar
Oshjørnet skal halda på høgda, men BERAS vil bruka loftet på ein annan måte.

- I første etasje blir det 600 kvadratmeter næring, i etasjane over blir det husvære. Eksisterande husvære blir pussa opp, i tillegg kjem 8 til 9 nye, seier Haugan om planane.

Bygningen skal også oppgraderast med heis.

For sal i 2010?
I neste veke skal BERAS halda forhåndskonferanse på prosjektet for Os kommune. Etter dette håpar dei på å kunna gå direkte til byggesøknad, utan ny reguleringsplan.

- Går alt knirkefritt kan vi starta å selja til hausten.

Fleire saker