Lokal | 15. jan. 2017

Ruteknusing og funn av narkotika

Politiet fekk først melding om innbrot i einebustad, så viste det seg å vera hærverk.

Ruteknusing og funn av narkotika
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. jan. 2017 07:52

Laurdag kveld fekk politiet melding om innbrot i ein einebustad nær Os sentrum.

Ein av dei som bur i huset kom heim til knust rute i inngangspartiet, og det var uvisst om nokon hadde vore inne i bustaden, eller om noko var stole.

– Det viste seg at dette var utført av nokre tenåringar.

– Dei har ikkje vore inne i huset, det er notert som hærverk, fortel Hans-Eirik Thue, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Tatt med narkotika

Seinare på natta blei ein mann tatt med narkotika.

Etter to kveldar på rad med unge, ruspåverka menn bak rattet, var det denne gong ikkje bilkøyring inne i bildet.

– Det var i 4.30-tida. Stoffet vi fann reknar vi med er marijuana, fortel politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.