Politi | 24. juni 2021

Rydding og rot ved Knutabruo

Politiet var innom to gongar, seinast i 04.30-tida.

Rydding og rot ved Knutabruo
Ei av bålpannene måtte reparerast etter hærverk tidlegare i år.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. juni 2021 09:12

Etter dei store bossmengdene som blei funne ved den eine av to gapahukar ved Knutabruo søndag, har politiet patruljert til området oftare.

Dei var innom både 20.30 sankthansaftan og klokka 04.20 natt til torsdag.

– Det var rundt 15 ungdomar der på kvelden. Dei oppførte seg fint og lovde å rydda etter seg, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

På natta var det tomt for folk i området, og spor etter ein innsats med rydding.

– Pantegods var lagt i posar. Men ved grillområdet var det velta både benk og bålpanne.

Også for tre månadar sidan blei ei av bålpannene i området øydelagt. Den blei fiksa på dugnad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.