Sport | 27. sep. 2010

Rykker opp til 6. divisjon

Søfteland leiar tabellen og er sikra opprykk. Med siger over Njardar/Tysnes laurdag blei også Nore Neset klar for 6. divisjon.

Rykker opp til 6. divisjon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. sep. 2010 12:12

Sjettedivisjon i Hordaland aukar frå tre til fire avdelingar neste år, noko som gjer at tre lag frå kvar 7. divisjonsavdeling rykker opp.

Laurdag sikra Nore Neset seg ein av opprykksplassane.

- Det blei ein veldig spennande kamp for oss på sidelinja, seier trenar Kenneth Svenningsen.

Gjestane Njardar/Tysnes tok leiinga i det som var siste heimekamp for Nore Neset denne sesongen. Sjølv om heimelaget utlikna kort tid etter kunne det sjå ut som om det ikkje skulle gå vegen.

- Vi var heilt åleine med keeper sju gongar utan å skåra, eg byrja å lura på om dette var dagen vi ikkje skulle klara å skåra meir enn eitt uansett.

Kom, skåra, gjekk
Thomas Austevoll utlikna for Nore Neset og det sto 1-1 til pause. Halvvegs i andre omgang fann endeleg ballen vegen forbi keeper igjen.

- Remi Snilstvedt har vore skadd dei siste to vekene, og var ikkje heilt klar på laurdag heller. Men eg ba han gå innpå å gjera sitt beste, om det så berre var nokre minutt. Det han gjorde var godt nok.

Remi kom inn, skåra og gjekk av banen igjen. Kampen enda med 2-1-siger.

Tre frå Os kan rykka opp
Medan Os kjempar om å halda seg i 2. divisjon og Søre Neset med 2-2 fredag kan ha mista siste håp om opprykk frå 5. divisjon skjer det mykje positivt nedover i divisjonane.

Lysekloster er allereie sikra opprykk til 5. divisjon og i 7. divisjon ligg dei tre laga frå Os på dei tre øvste plassane.

Søfteland leiar avdelinga med 27 poeng på 12 kampar, Nore Neset har tatt 24 poeng på 13 kampar og Lysekloster to har tatt 20 poeng på 11 kampar.

SJÅ TABELL

Liten forskjell på ny divisjon
Svenningsen, som seier han truleg kjem til å halda fram som trenar for Nore Neset neste år, seier han ikkje trur det blir særleg høgare nivå i ny divisjon.

- Med tre så gode lag i toppen av vår divisjon har det nok vore kunstig høgt nivå på oss i år.

Lysekloster 2 har blant anna heimekamp mot Søfteland igjen i kampen om opprykk, lokaloppgjeret blir spelt laurdag 2. oktober klokka 15.

På veg tilbake
Nore Neset kan i teorien også bli avdelingsvinnar, men gler seg først og fremst over at opprykket er sikra.

- Det blei full feiring laurdag kveld! Det er ein fin gjeng og eit veldig godt miljø i laget, som no endeleg er på veg opp mot gamle høgder igjen, seier Svenningsen.

Etter at samarbeidet med Søre Neset for nokre år sidan var over måtte Nore Neset, som på det høgste har vore i 4. divisjon, starta på botnen igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.