Lokal | 20. jan. 2018

Rykte ut med båt til skadd turgåar

Os brannvesen assisterte helsevesenet laurdag formiddag.

Rykte ut med båt til skadd turgåar
Unik-båten ligg ved Halhjem kai. Brannvesenet fekk ein kort tur til Bjørnatrynet for å hjelpa turgåaren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. jan. 2018 14:21

Laurdag formiddag kom det melding om ein turgåar som hadde skadd foten sin.

Kvinna gjekk på tur på Bjørnatrynet saman med andre då ho ramla og skadde seg.

– Vi assisterte helse og rykte ut med Unik-båten. Eg trur ikkje stien er eigna for ATV, og det var enklare å nå staden med båt enn til fots, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Brannvesenet disponerer båten Os Rotary fekk sponsa av Unik Filtersystem. Båten ligg ved Halhjem kai og brannvesenet fekk i dag ein kort tur for å hjelpa kvinna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.