Lokal | 01. jan. 2021

Rykte ut på bålbrenning og feststøy nyttårsaftan

Ungdomar sendt vekk frå fest nær sentrum.

Rykte ut på bålbrenning og feststøy nyttårsaftan
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. jan. 2021 08:31

På formiddagen nyttårsaftan rykte politiet ut for å sjekka eit større bål.

– Bålbrennar, ein mann i 60-åra, blei bedt om å varsla neste gong han skal brenna større bål, og å berre brenna hageavfall, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Det var hovudsakleg tre som blei brent. Det førte ikkje til annan reaksjon enn ei åtvaring.

Politiet fekk berre to meldingar om støy frå fest nyttårsaftan. Den første kom allereie klokka 16.30.

– Dette var i Os sentrum. Det var tre menn i 30-40-åra på adressa. Dei fekk pålegg om å dempa musikken, og etterkom dette.

Klokka 02.30 kom melding om ei samling av ungdomar på ei anna adresse nær Os sentrum.

– Mengda gjestar innandørs var innanfor smitteverngrensa.

– Dei som var utandørs gjekk frå staden, og var heller ikkje ønskt på adressa av huseigar, ein mann i 20-åra. Dermed blei det heller ingen reaksjon eller pålegg delt ut, fortel Christine.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.