Lokal | 11. juli 2010

Rykte ut på tørrkoking

Politiet på Os hadde lite å gjera på natt til sundag, brannvesenet fekk eit lite oppdrag.

Rykte ut på tørrkoking
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. juli 2010 08:01

- Det ser ut til å ha vore ei roleg helg i Os, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Hordaland politidistrikt.

Ei melding om ein full mann, som publikum sjølv tok hand om og sendte heim i drosje, var einaste notat hos politiet i Os.

- Vi har fått melding frå brannvesenet om at dei var ute på ei tørrkoking på Austre Lurane klokka 21.30. Her var ingen skade skjedd, fortel Kolltveit.

Mange osingar er på Tysnesfest i helga. Her har ein mann i 40-åra blitt tatt med båtpromille. Også ein bilist er tatt med promille, men ingen av desse er frå Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.