Ståle Steen Sæthre gjorde alt sjølv og sette inn 3-0 i 70. minutt. (Foto: KVB)

Rysta Åsane i andre NM-runde

Lysekloster leia heile 3-0 i 70. minutt og heldt fram med å produsera sjansar til langt ut i andre ekstraomgang.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Lysekloster, som tok seg vidare til 2. runde i NM ved å slå Os 2-4 i ekstraomgangar, har gjort det greit i ny divisjon, men tapt alle dei tre første rundane med eitt mål. Onsdag tok dei imot Åsane frå 1. divisjon. Åsane står med 7 poeng etter 4 rundar i OBOS-ligaen.

Sjølv om gjestane gjekk ut i eit enormt tempo og pressa Lysekloster hardt, var vertane farlege på fleire overgangar og skapte større sjansar enn Åsane før pause. Etter pause jamna det seg også ut spelemessig og Lysekloster gjekk opp i 2-0 og 3-0.

Men Åsane reduserte og utlikna i 89. minutt. I ekstraomgangane skåra gjestane tre mål til.

– Det er surt å tapa når du leiar 3-0, men eg gler meg over kva vi får til i dag. Gutane kan ta med seg ein god porsjon sjølvtillit etter denne kampen, meiner Thomas Sandal.

– Den første skåringa deira var unødvendig av oss. Dei såg ut til å vera nær på å gje opp, men reduseringa gav dei håpet tilbake. Likevel heldt vi fram med å laga store sjansar, med litt meir effektivitet så hadde vi leia til full tid eller tatt han i ekstraomgangane.

Lysekloster - Åsane 3-6 (1-0 til pause, 3-3 etter ordinær tid)
Målskårarar: Hans-Christian Nysæther (38.), Tommy Gaustad (51.), Ståle Steen Sæthre (70.), Kristoffer Stephensen (74.), Joachim Soltvedt (77.), Geir André Herrem (90., 96. og 105) og Joakim Hammersland (118.)
Gule kort: Hans-Christian Nysæther, Denis Ljubovic, Eirik W. Steen og Mads B. Songve.
Lysekloster: Ole Kristian Olsen - Ola Sjømæling, Gojko Ivkovic, Denis Ljubovic (Martin Eidsvik), Aleksander Andersen - Espen Birkeland, Baste Jonassen, Hans-Christian Nysæther - Thomas Helland (Ståle Steen Sæthre), Tommy Gaustad og Christer Olsen (Sigve Rørstad).
Åsane: Andreas Søreide, Eirik Wollen Steen, Jahn-Ove Wiik, Marcus Stueland (Kristoffer Nesse Stephensen 61.), Joakim Hammersland, Peter Aase (Geir André Herrem 46.), Sindre Austevoll, Simen Helland Lassen (Vegard Leikvoll Moberg 66.), Stian Nygaard, Joachim Soltvedt og Mads Bjørsvik Songve.
Publikum: Ca 580.

Det var sjansar begge vegar før 1-0-skåringa kom, men dei største var det nok Lysekloster som sto for.

Etter pause blei det også jamnare spelemessig. Tidlegare Åsane-spelar Tommy Gaustad sette inn 2-0 frå spiss vinkel, innbytar Ståle Steen Sæthre spaserte eit stykke åleine og fekk stå upressa før han sette inn 3-0 via stanga og i nota.

– Dei klarte å ta oss då vi var i ubalanse og slik vi sto fekk dei mykje rom på overgangane, seier osingen Vegard Leikvoll Moberg.

– Vi blei frustrerte mens dei sikkert fekk meir og meir trua på at dei kunne klara det.

Åsane-kapteinen som spelte omtrent kvart einaste serieminutt i 2015 starta på benken. Han kom i 66. minutt inn for ein annan osing, Simen Lassen, som var skadd i ankelen.

Fekk kontroll ut i første ekstraomgang

Utlikinga kom i 89. minutt. I forkant hadde Åsane hatt nokre angrep der dei sto høgt med god kontroll. Innbytar Herrem, som sto for utlikninga, gav Åsane leiinga seks minutt ut i første ekstraomgang.

Lysekloster heldt fram med å produsera sjansar, cornarar og frispark. Men rett før andre ekstraomgang auka Herrem til 3-5.

– Herfrå gjekk det nok ein del på rutine. Lysekloster skapte sjansar, men vi hadde ein del å gå på og følte at vi hadde kontroll på kampen.

Begge lag hadde brukt mykje krefter, noko som prega andre ekstraomgang. Likevel kom det fleire skot rett over tverrliggar og andre småsjansar til vertane, som heldt fram med å vera farlege 3-6 låg i nota to minutt før kampslutt.

Lysekloster speler neste seriekamp heime mot Vålerenga 2 førstkomande søndag (kl 16). Gjestane har to sigrar og ein uavgjort i dei tre førsteseriekampane.

 

 

Fleire saker