Lokal | 11. feb. 2016

Såg etter mopedistar

Politiet var på tokt i Hagavik onsdag kveld.

Såg etter mopedistar
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. feb. 2016 08:27

Politiet fekk i går melding om stygg køyring med fleire mopedar i Dahlsvegen.

– Vi var ute med ein patrulje, men møtte ikkje mopedistane, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Frå Strøno kom det melding om utanlandske seljarar som gjekk på dørene til folk.

– Då meldinga kom var vi opptatt, så vi fekk ikkje sjekka desse ut. Men vi er glad for tips, ikkje minst i samband med innbrota som har vore i Os og Fana den siste tida.

Politiet har sett ned ei eigen gruppe som jobbar med etterforsking av innbrota.

– Vi fekk sikra nokre spor, men ventar framleis på resultatet av analyse av fingeravtrykk og DNA.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.