Denne fuglehunden passer soldatane på øving på (privat foto)

Saknar du hunden din?

Soldatar på øving tok vare på hund. Oppdatert: Eigar og hund er gjenforent.

Av: Andris Hamre

Denne helga går det føre seg øving på og ved Ulven leir.

– Vi har teke vare på ein fuglehund ved Ulven.

– Den er teke i forvaring i teltleiren ved Vaksinen. Eigar kan ringa oss på 926 91 100, seier leirkommandant John-F. Honningsvåg.

Då det blei litt for stressande for hunden å vera i teltleiren har dei no teke med den opp til hovudleiren.

Oppdatert: Klokka 16.15 fortel Honningsvåg at eigar og hund no er i ferd med å bli gjenforent.