Samla talenta på Os
Volleyballregionen samla unge talent til treningssamling på Os. Målet er NM i januar.
Sjølv om sesongen er over, var det yrande liv i Oshallen sundag då volleyballregionen samla 32 guter og jenter til talentsamling med volleyballgruppa i Søre Neset IL som teknisk arrangør.
– For oss er det berre kjekt å kunne bidra som arrangør.
– Samstundes får vi vist at vi har eit godt og aktivt miljø i Osbygda, fortel Morten Erikssen i Søre Neset IL.
– Mykje potensiale
Regionstrenarane Frode Andersen og Eilev Nyland leiia samlinga.
– Ja, her er det mykje talent som kan nå langt om dei vil.
– Det gjeld berre å trena, så kjem desse til å utvikla seg skikkeleg, fortalde Nyland.
Tilbake til klubbane
Samlinga var ei av to storsamlingar denne helga, som etterkvart skal leie fram til eit regionslag som skal spele NM i Oslo i januar.
– Vi har gått ganske breitt ut og bedt klubbane invitere med sine spelarar.
– I går var vi på Stord, i dag her på Os.
– Spelarane er fødde frå 1999 til 2001. Eit av måla med samlinga er å motivera spelarane og klubbane til å trene godt.
– Eg håpar jo at dei som har vore med her i dag, tek med seg noko av lærdommen og øvelsane tilbake på treningane i klubbane sine, slik at også dei som ikkje var med får eit utbytte av dette arbeidet.
– Men noko av det viktigaste vi gjer er å skapa eit godt miljø blant dei unge. Vi er såpass heldige i Hordaland at vi har relativt god rekruttering.
– Samlingar og sommarleiren vi har i Øystese til hausten trur eg er viktige i den sammanhengen, avsluttar Nyland.