Sport | 07. feb. 2012

Samlar brukte mobilar

I fjor samla to idrettslag inn vel 1100 mobilar. I år har fire nye fått sjansen til å spe på klubbkassa.

Samlar brukte mobilar
I løpet av våren kan det vera at du får besøk frå Os Turn, Os Swingklubb eller Bjørnefjorden Golfklubb som ønskjer å ta hand om den gamle mobilen din (foto: AH/KVB)
Andris Hamretirsdag 07. feb. 2012 08:12

Noreg Idrettsforbund og Telenor har tatt inititativ til ein nasjonaldugnad for å samle inn brukte mobilar til gjenvinning og resirkulering.

Då det blei gjennomført for fyrste gongen i fjor var det berre Nore Neset IL og J16-laget til Lysekloster som greip sjansen. Dei to laga samla tilsaman inn 1131 telefonar, noko som gav dei henhaldsvis 22 330 og 17 255 kroner i klubbkassa.

Totalt blei det på landsbasis samla inn 171 904 telefonar til ein verdi av 6 016 640 kroner.

For kvar mobiltelefon idrettslaga samlar inn får dei 35 kroner.

Fotball, handball, swing og golf

Årets aksjon startar i midten av februar med mobilreturens dag søndag 5. mars som eit høgdepunkt. Aksjonen held fram til i byrjinga av mai.

I Os fekk Os Turn fotball & handball, Os swingklubb og Bjørnefjorden Golfklubb vera med på årets aksjon etter at dei i byrjinga av året søkte om å få vera med.

- Ved å gje oss dine gamle og defekte mobilar er du med og støttar klubben og vår satsing på unge og lovande golfspelarar, seier innsamlingsleiar Geir Dalen ved Bjørnefjorden Golfklubb.

Om du er redd for at nokon skal få tilgang på informasjon på den gamle telefonen din kan du vera heilt trygg. Telefonane blir lagt rett i forsegla poser før dei sendes inn til firmaet som tek hand om telefonane. Der er det første som skjer at all data på telefonen blir sletta.

Det einaste du må hugse er å ta ut sim-kortet før du leverar telefonen frå deg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.