Lokal | 19. jan. 2017

Samlar matkulturen i og rundt Os

Over 300 inviterte: – Både restaurantar og produsentar er velkomne til erfaringsutveksling og eit lite kompetanseløft, seier næringssjef Daniel Skotheim.

Samlar matkulturen i og rundt Os
Daniel Skotheim, Siren Tømmerbakke og Øystein Svalheim i hønseburet til Helge Bøe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. jan. 2017 21:12

Bildeserie:

– Når du sel direkte frå gard så kan du klara deg med få høns, seier Helge. (Foto: KVB)
– Når du sel direkte frå gard så kan du klara deg med få høns, seier Helge. (Foto: KVB)
Øystein Svalheim håper på god erfaringsutveksling på møtet i Oseana. (Foto: KVB)
Øystein Svalheim håper på god erfaringsutveksling på møtet i Oseana. (Foto: KVB)
Sal av ved, bær og egg gjer at bonden Bøe treff meir folk. (Foto: KVB)
Sal av ved, bær og egg gjer at bonden Bøe treff meir folk. (Foto: KVB)
1 av 3
– Når du sel direkte frå gard så kan du klara deg med få høns, seier Helge. (Foto: KVB)
Øystein Svalheim håper på god erfaringsutveksling på møtet i Oseana. (Foto: KVB)
Sal av ved, bær og egg gjer at bonden Bøe treff meir folk. (Foto: KVB)

Landbrukssjef Øystein Svalheim, næringssjef i Os, Daniel Skotheim og mat-attaché Gunnar Nagell-Dahl hos Fylkesmannen står bak invitasjonen til ei samling for produsentar, råvareseljarar og foredlarar av mat.

– Det er ein open invitasjon, som også går ut mot restaurantar, cateringsfirma og andre kjøkken, og vi har allereie invitert rundt dei 300 som vi kjenner til, fortel Svalheim og Skotheim.

Det var i oktober at næringssjef Skotheim fortalde om mat- og turisme-ambisjonane sine. Ei god samling med turismeaktørane i Os er gjennomført, torsdag 2. februar skal den lokale matbransjen samlast i Oseana.

Arbeidsnamnet på prosjektet er Bjørnafjorden Matkultur, og målet er å gjera mat og matkultur frå vår region meir kjent, meir attraktiv og lettare tilgjengeleg.

– Eg håper det å høyra kvarandre sine historiar kan vera til inspirasjon, og eg trur fleire produsentar har vurdert å gjera ting på ein ny måte, sjølv om dei førebels ikkje har tatt steget, seier landbrukskonsulent Siren Tømmerbakke.

Egg og bringebær gir kos og kroner

Privat har Siren og mannen Helge Bøe, som driv gard på Bø, fleire bein å stå på.

– Kjøttproduksjon, skogbruk og sal av ved er dei største næringane på bruket, men sal av egg, jordbær og bringebær rett frå gard er triveleg og fin attåtnæring, seier Helge.

– Vi har berre 150 høns. Skal du selja egg til eit mellomledd så får du cirka 70 øre for eit idealegg, du må opp i minst 5000 høns for at det skal bli butikk. Vi produserer rundt 150 egg for dagen og sel for 3 kroner stykket.

Sjølv om det ikkje blir dei store kronene av eggsalet, set Helge pris på både dyra, drifta og kundane. Han trur fleire bønder kunne hatt glede av fleire tilleggsprodukt.

– Når vi har fleire varegrupper og sel kortreist mat så blir det både kundar på besøk og leveringar ute i felten. Det gjer at vi som har lange arbeidsdagar på garden får fine avbrekk, meir varierte dagar, og så treff vi litt folk innimellom, seier Helge med eit smil.

Han håper å sjå både kokkar og andre bønder i Oseana om to veker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.