Lokal | 22. jan. 2017

Sånn ser det ut i Endelausmarka

VIDEO: Bli med i Endelausmarka og sjå starten på bygginga av den 60 meter lange brua som skal kryssa nye E39.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 22. jan. 2017 07:57

Veidekke har hatt sitt første heile år med bygging av E39 Svegatjørn - Rådal. Vi har hatt ein prat med prosjektleiar Trygve Slåke og ei omvising med driftsleiar i Endelausmarka, Vidar Mjelstad.

I videoen over ser du korleis det ser ut i Endelausmarka, der arbeidet med å bygga brua som skal kryssa komande E39 er i gang.

Om E39 Svegatjørn - Rådal

• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal
• Animasjonsvideo: Ta køyreturen frå Svegatjørn til Rådal

• Vegen frå innslaget på Skogafjellstunnelen ved Svegatjørn til du køyrer ut av Lyshorntunnelen i Rådal er 11,8 km.
• Strekninga med ny veg er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel.

• Skogafjellstunnelen: 1,5 km
• Lyshorntunnelen: 9,2 km
• Mellom tunellane, Endelausmarka: 1,1 km

• I Endelausmarka kjem rasteplassar, kryss til ny fylkesveg til Lysefjorden (Åsen, Lyseklostervegen fv 163), og fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.

• Pris 6,5 milliardar kroner (2014 prisnivå), 40/60 bompengar/stat
• Byggestart 2015: Torsdag 3. september i Rådal (Implenia) og 1. oktober i Os (Veidekke).
• Opning: 2022

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.