Lokal | 20. sep. 2012

Sånn skal Lyseparken formast

Når nyevegen til by'n står klar får Os eit nytt næringsareal på 484 mål, 9 minutt frå Fana, 5 minutt frå Os sentrum. Korleis ser ordføraren for seg framdrifta og resultatet?

Sånn skal Lyseparken formast
Terje Søviknes med plankartet for Endelausemarka og Lyseparken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. sep. 2012 07:20

"Pengemaskina til Søviknes" skreiv Bergens Tidende i april. Av 15,4 kilometer ny veg skal 10,9 gå i tunnel.

I Endelausemarka, nordaust for Lysekloster-ruinane, er vegen ute i det opne. Her kjem næringsområdet Os kommune har døypt Lyseparken, nesten 500 mål med handel, kontor og industri.

Ein heftig runde med Sponheim

Det har vore snakk om Endelausemarka i mange år, men i vår, under behandling av reguleringsplanen for E39 Os-Bergen, såg det plutseleg ut som om Lyseparken-eventyret skulle bli skumlare enn venta.

– Fylkesmannen sa i utgangspunktet nei til all handel. Punktum.

Os kommune vil ikkje berre ha industri og kontor i Lyseparken, så dei måtte argumentera godt for å få utvikla eit område med samansetjing meir lik Kokstad, Sandsli og Åsane.

– Det blei ein heftig runde med fylkesmann Lars Sponheim, men vi fekk det om lag som vi ville, med rom for storhandel av plasskrevjande varer.

Inntil 40 % handel

Ifølgje paragraf 4.5.5 i føresegnene til reguleringsplanen skal Lyseparken delast inn som dette:

• 30-40 % handel/forretning

• 20-40 % kontor

• 30-50 % industri

Industri er ikkje kategorisert. Forretning betyr handel av plasskrevjande varer som kjøretøy, møblar, kvite- og brunevarer og liknande. Det kan også koma daglegvare i Lyseparken, men ikkje med større areal enn 1500 kvadratmeter per butikk.

– Kan det også koma barnehage?

– Ja, du skal ikkje sjå vekk i frå det. Men skule har vi slått frå oss, kommunen har heller ikkje plan om å bruka noko av området sjølv.

Godt med parkering

– Vi fekk også gjennomslag for våre lokale normar når det kjem til krav til parkering, og her får vi nok eit konkurransefortrinn samanlikna med det stramme regimet i Bergen kommune, seier Søviknes.

Krava er som følgjer:

• Varehus/storhandel: 30-35 plassar per 1000 kvm
• Kontor: 15-20 plassar per 1000 kvm
• Industri: 12 plassar per 1000 kvm
• Lager: 5 plassar per 1000 kvm

Smått og stort i nord og sør

Lyseparken er delt i to store og to mindre næringsområde, alle i terrenget vest for rundkjøringa som kjem mellom dei to lange tunnelane. Noko ligg nord for stikkvegen til Lysefjorden, noko ligg på sørsida.

– Det er eit spennande, variert og lett kupert terreng som vil gje dei komande kjøparane og arkitektane deira litt å boltra seg i.

Det største området ligg på nordsida og er på 280 mål, det nest største ligg på sørsida og er på 192 mål. I tillegg kjem to område på 10 og 2 mål.

– Det grøne beltet vi måtte laga for å verna om dei berømte augestikkarane vil vi også sjå på om vi klarer å få noko positivt ut av. Kanskje kan det koma nokre fine turstiar mellom arbeidsplassane.

Direktør er tilsett

I midten av august fekk Lyseparken eigen utviklingsdirektør. Cato Zachrisen går frå stillinga som eigedomssjef for Entra Eiendom AS når han 1. november startar i ny jobb i Os.

– Han har alle føresetnader for å lukkast i arbeidet med å utvikla Lyseparken til det nye kraftsenteret for næringsetablering i Bergensregionen, seier ordførar Terje Søviknes.

Zachrisen skal rapportera direkte til prosjektstyret. I styret sit Søviknes som leiar. Ordføraren har med seg Tore Jensen (sivilarkitekt og planleggar, Opus), Lasse Færøvik (marknadsføring og eigedomsutvikling), kommunalsjef Karl Ole Midtbø og Ottar Randa (adm. dir. i Os Bygg og Eigedom AS).

20 har vist interesse

Når den nye direktøren er i drift skal han, saman med styret, jobba vidare med planane for området.

– Dette vil vi gjera grundig så Lyseparken blir mest mogleg estetisk og effektiv. Vi ser for oss handel nærmast vegane, kontor og industri strategisk plassert i forhold til kvarandre.

– Kanskje klarer vi også å få bedrifter som kan dra synergiar av kvarandre tett saman, så det utviklar seg gode, blomstrande miljø i Lyseparken.

– Men vi kjem nok ikkje til å legga for mange føringar, det kan koma behov vi ikkje har sett før aktuelle kjøparar serverer dei.

Søviknes fortel om interesse både frå store kjedar innan handel og mellomstore innan industri og lager.

– Og så har vi ein tredje kategori i profesjonelle utbyggarar som vil vera med i ein samarbeidsmodell.

Til saman har Os kommune til no oppunder 20 ineteressentar på lista.

Ferdig før vegen opnar?

Det er først til våren at bompengesøknaden for E39 skal behandlast i Stortinget, men det er gjeve midlar til anleggstart på veg frå Åsen i Lysefjorden og inn til Endelausemarka, der tunnelane skal drivast frå.

– Vegkontoret sit på anbodsrunden, målet er å starta på anleggsarbeidet no vinteren 2012-2013.

Det nye veganlegget, som kjem til å kosta rundt 5 milliardar kroner, kan stå ferdig på tampen av 2018.

– Kor mykje kan de få gjort med Lyseparken parallelt?

– Vi har ambisjonar om at fleire næringsbygg skal stå klare og vera i bruk når vegen opnar, seier Terje Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.