Lokal | 11. juni 2019

Sånn var pinsen for politiet

Snoking i Hagavik, feststøy i Øyane, ulovleg fiske i Os sentrum og ruteknusing på Søfteland.

Sånn var pinsen for politiet
Politibåten «Kjølen» var i Øyane og kontrollerte fem båtførarar i går. Dei fann ikkje noko å reagera på. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. juni 2019 08:08

Fredag litt før klokka 17 fekk politiet melding om tjuveri av ein kostbar sykkel.

– Tjuveriet må ha funne stad mellom klokka 14 og 16 fredag, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Sykkelen er av type Gerry Fischer, er raud med kvit skrift, ein mountain bike med 29 tommar hjul og dempegaffel.

Hage-snik i Hagavik

Fredag i 19-tida fekk politiet melding om ein utanlandsk seljar som gjekk på dørene til folk i Hagavik.

– Innringar reagerte på at vedkomande, då ingen opna døra i nabohuset, vandra rundt huset, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet hadde ikkje kapasitet til å rykka ut for å sjekka vedkomande.

Farleg ferdsle på Halhjemsvegen

Utfart til pinseferie og handballfestival på Stord skapte, trass innføring av autopass og ei ekstra ferje, like lang kø som før.

På det lengste sto køen over 4 km til Liafjellstunnelen på Moberg.

Politiet fekk dessutan, klokka 20.38, melding om trafikantar som kryssa sperrelinjene, farlege forbikøyringar og andre tilfelle av uaktsam køyring.

Fyll på buss og feststøy i båt

I 21.30-tida fredag kveld fekk politiet melding om full ungdom som oppførte seg ufint på buss frå Bergen til Os. Meldar sa at dei gjekk vidare inn på ein buss til Drange, men då politiet følgde denne bussen var ungdomen gått av.

Klokka 00.22 natt til laurdag kom det melding om feststøy frå ein båt som låg til kai på Bunnpris Vedholmen. Då patruljen var på staden hadde festen dempa seg og det var berre nokre få personar igjen i båten.

Politibåten Kjølen har vore på tokt i Os i pinsen, og kontrollerte fem båtførarar måndag. Dei fann ikkje noko å reagera på.

Fiska i 100-meterssona

Fiske rett utanfor grensa elv-sjø er ikkje lov før fisket i Oselvo opnar (og ikkje lov etter laks eller aure før 15. juli).

• Les omtale av reglar og kart

Dette har vore eit problem tidlegare i år, og i helga måtte politiet gje pålegg til nokre utanlandske fiskarar om å fjerna seg frå staden.

Skadeverk på butikk på Søfteland

I løpet av helga har nokos knust eit utstillingsvindauge i ein møbelbutikk på Søfteland.

– Det ser ikkje ut som om nokon har vore inne i butikken, men det er oppretta sak på skadeverket, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.