Sport | 13. apr. 2012

Satsar hardt på skytinga

Fredagsportrettet: Cathrine Daviknes (17) satsar på fulltreffarar, men det er ikkje berre det å koma på prinsesselaget ho drøymer om.

Satsar hardt på skytinga
Cathrine Daviknes. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. apr. 2012 09:22

Tekst: Susann Heggland og Fredrik Rikstad, studentar på praksis hos Midtsiden.

Skyttartalentet Cathrine Daviknes har hatt med seg rifla si på NTG, men går no på Os Gymnas og førebur seg no på ein god utandørssesong. Vi har spørt ho om både skytinga, kvardagen og draumane hennar.

– Kvar i verda vil du helst busetja deg?

– Om eg kunne velja kvar eg skulle bu så ville eg budd i Thailand. Viss eg vel å busetja meg i Noreg vil eg flytta til Austlandet, anten Fredrikstad, Holmestrand eller Lillehammer.

– Når var sist nokon gjorde deg glad?

– Det var seinast i dag på skulen, då eg såg igjen dei som eg ikkje hadde sett på ei stund. Det er lite som skal til for å gleda meg.

– Visst du hadde vunne ein million kroner, kva hadde pengane gått til?

– Eg ville kjøpt endå eit våpen slik eg hadde sloppe å legga om frå innesesong til utesesong, sjølv om dette er noko eg får andre til å gjera for meg. Alt hadde vore mykje enklare med to våpen. Eg ville også ha unna meg sjølv, mamma og søstera mi ein ferie. Ein million er mykje pengar, så eg kunne nok spart resten, eller som jenter ville gjort; gått og shoppa litt.

– Kva skal du i sommarferien?

– Eg skal byrja med ein tur til Hellas saman med ein god venninne av meg, så må eg prøva å få tatt lappen slik at eg kan dra til Austlandet og besøka familien min og seinare ein tur til Sverige. Elles i ferien skal eg jobba, vera med venar og så skal eg sjølvsagt på Landsskytterstemna, som i år er på Voss.

– Kva er din største draum?

– Min største draum er å møta dei eg ser opp til når det gjeld å setja seg høge mål og verkeleg nå dei. Så eg må seia å møta One Direction og Justin Bieber ville vore ein draum.

– Kva tre ting ville du hatt med deg visst du var stranda på en aude øy?

– Om eg hadde stranda på en aude øy og kunne velja kva eg kunne hatt med meg, så hadde eg tatt med meg ei fiskestang, eit telt og bestevenninna mi Anine. Då kunne eg fått nokon å snakke med, ei å le saman med, skaffa minner saman med og skaffa meg mat ved å fiska. Samtidig hadde vi hatt tak over hovudet.

– Kva er du sterk og svak i?

– Min største styrke må vera at eg tør å seia ifrå. Eg er ikkje den som stiller seg bak dei andre og meiner det resten av saueflokka meiner. Det eg er svakast i er kanskje at eg gjev folk for mange sjansar, eg trur godt om dei fleste og har vanskar med å sjå det negative, noko som enkelte gongar har ført til at eg har blitt såra.

– Kva liker du best å gjera på fritida di?

– Eg er stor fan av å ligga på sofaen og sjå på tv dagen lang, men det eg liker best å gjera på fritida er å skyta og å vera med venar.

– Kva har du vunne når det kommer til skytinga?

– Eg har ikkje aning på kva eg har og ikkje har vunne gjennom åra, men nyleg så vann eg ein pokal i laget som heiter Miniatyrpokal 2. Det var veldig kjekt i og med at eg no har gått over i seniorklassen. Der må eg skyta liggande, kne og ståande.

– Kor lenge har du drive med skyting?

– Eg har halde på med skyting sidan jula 2007, så det byrjar å bli nokre år.

– Er skyting noko du satsar på?

– Skyting er utan tvil noko eg satsar på. Eg gjekk blant anna på NTG (Noregs Toppidrettsgymnas) for å bli betre. Skulen svarte dessverre ikkje til det eg venta, eg følte at eg ikkje hadde utbyte av å gå der, så no er det trening heime i Os Skyttarlag igjen. Mitt store mål innan skyting er å ein dag bli skyttardronning, men først er målet å koma på prinsesselaget og så på kongelaget.

– Kor ofte trener du?

– No i det siste har det ikkje blitt så mykje skyting, eg tok meg ein liten ferie. Normalt plar eg skyta to til tre gonger i veka, pluss ein til to fysisk økter. No har vi nettopp sett opp banen ute, så eg har ikkje skote på bane til no i år, men eg skal snart ta opp igjen treninga, avsluttar Cathrine Daviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.