Næringsliv | 22. feb. 2011

Satsar på skarpe fargar

Ni frisørar frå ti salongar kom til Os for å få opplæring i val og bruk av fargar.

Satsar på skarpe fargar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. feb. 2011 12:13

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

- Trendene følgjer kvarandre, det som gjeld for frisyren gjeld ofte også for tekstil og interiør, seier Yasmin Benmich Berge frå Goldwell.

Nyleg var ho saman med seljar Cecilie Klemp og ein konsulent frå Canada i Os for å halda kurs. Deltakarane var frisørar frå 10 salongar i bergensområdet, inkludert Lundehjørnet Frisør og Parfymeri, som opna salongen sin for ein lang dag med undervising.

- Anonyme brune og blonde tonar er ut, våren 2011 skal det vera tydeleg at du har vore hos frisøren, seier Yasmin, og nemner kobber og knallraude striper som eksempel på kva som kjem til å prega sveisen den komande tida.

Lærer av lærlingane

Lundehjørnet, som er ein av få salongar i bergensområdet som er stor nok til å halda open samstundes som det er kurs, sendte to lærlingar på opplæring denne fredagen.

- Samstundes som dei fekk grunnleggande opplæring i teknisk gjennomføring lærte dei om årets trender, val av farge og metode for blanding. Dette nye tar dei med seg til dei andre frisørane våre i ein intern liten opplæring, seier dagleg leiar hos Lundehjørnet, Kari Rekkum.

- Det er mange år sidan sist vi hadde tilsvarande kurs i vår salong. Å halda ope for kundar medan vi har kurs går heilt fint, dei som er innom synes det er spennande å følgja med på prosessane i nabostolen.

Viktig vare

Kari fortel at farging er ei viktig varegruppe for bransjen, fleire enn halvparten av damer som klipper seg fargar også håret.

- Det har også blitt meir vanleg for menn, både blant ungdomar som vil stripa seg og menn på rundt 30 år og oppover, som vil dekka dei første grå.

Siger med striper

Noregsmeister i karate, Erlend Slettevold, var blant dei frivllige modellane. Han fekk fiksa frisyren av Nina Gullaksen, som verkeleg følgte med på kva fargar som er i skotet.


Dagen etter deltok han i vestlandscup med knallraude striper i håret. Det blei lett for publikum å følgja med på at Erlend tok gull i både kata og kamp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.