Lokal | 21. jan. 2012

Segla opp på muren

Glatte vegar i Os: Ein bil hamna oppå ein mur i Storumsbakken laurdag kveld.

Segla opp på muren
Bilen var ikkje langt frå hushjørnet då den stoppa. (Foto: Varde Media)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 21. jan. 2012 22:48

Laurdag i 21-tida fekk Midtsiden melding om bilulykke i Storumsbakken.

På staden var også politiet.

– Ingen blei skadd i utforkjøringa, seier politibetjent Pål Christensen.

Bilen hadde retning Øyane på Lepsøyvegen då den glei ut til høgre, opp på ein mur og segla mot hjørnet på eit hus som ligg rett ved vegen.

Politiet er usikker på om den kvinnelege føraren var åleine i bilen.

Også i fjor vinter hamna ei kvinne oppå denne muren med bilen.

Det har vore fleire utforkjøringar i Os dei siste dagane.

Torsdag kveld kjørte ein bil utfor på Ulvenvegen ved industriområdet nær Irgenskrysset. Fredag kjørte ein bil utfor i Søvikåsen og ein annan bil kjørte utfor i Storumsbakken. Laurdag morgon var det ei utforkjøring mellom Ulvenvatnet og Svegatjørn på E39.

Laurdag ettermiddag og kveld har Midtsiden fått fleire meldingar om svært glatte vegar i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.