Seglbåt på botn i Askvik
I marinaen på Askvik klarte brannvesenet å redusera skadene på fleire båtar, men éin ligg med både skrog og mast langt under havskorpa.

Bildeserie:
Os brannvesen har hatt hovudfokus på å halda vegane opne i dag, men på kvelden måtte dei ut i Askvik for å hjelpa til i marinaen ved bustadkomplekset.
– Ein seglbåt sokk, fleire båtar låg og dunka i kvarandre og ein båt med ein større motor låg og banka påhengsen inn i kaien, fortel varabrannsjef Arne Monsen.
Fleire er skadd – og vil bli yttarlegare øydelagt
I tillegg er det store skader på bryggene og framleis fleire båtar som ligg og dunkar i kvarandre eller i flytebryggene.
– Vi fekk taua to seglbåtar inn til kaien. Dei låg i bryggebåsar der utriggarane var fullstendig øydelagte.
Også motorbåten blei berga og sikra, men hadde fått skader på propellen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.