Næringsliv | 04. feb. 2010

Sel dei dyraste først

Os Sjøfront: Kor store blir husværa, kva blir selt først, kor mykje blir bygd i første trinn og kor tid startar salet?

Sel dei dyraste først
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. feb. 2010 09:55

Bildeserie:

1 av 4

Neste veke blir spennenande for Os Sjøfront. Måndag klokka 12 går anbodsfristen ut. Tysdag er det styremøte. I slutten av veka skal utbyggingsselskapet saman med blant anna Os kommune i møte med landskapsarkitekten som har teikna korleis alt frå Peppes til og med moloen kan koma til å sjå ut.

- Dei neste vekene får vi svar på mange viktige spørsmål. Går det som vi håpar blir det salsstart før påske, og mykje å gleda seg til både for interessentar og dei som vil bruka området, strandpromenadaen og vikjo, seier dagleg leiar i Os Sjøfront AS, Tor Inge Døsen.

Kjendisar vil til Os
Interessa er stor for prosjektet som, når det står ferdig, kjem til å innehalda rundt 160 husvære.

- Vi nærmar oss 200 personar på lista over interessentar. Etter at vi var på TV 2 rett over nyttår var det fleire som både registrerte seg som medlem i Stor-Bergen Boligbyggelag og som meldte si interesse for prosjektet, fortel Døsen.

Ein del osingar står på lista, men 2/3 er frå andre kommunar.

- Dei fleste er frå Bergen og Bergen sør, men vi har også interessentar frå Austlandet og Finnmark. I tillegg har det dukka opp nokre kjendisar som er interessert i bustad ved sjøen i Os, røper Døsen.

Startar med dei dyraste
Sidan prisane på bygginga ikkje har kome inn er heller ikkje prisane på husværa bestemt. Men det som er sikkert er kva husvære som blir dyrast, og i kva ende salet skal starta.

- Vi startar med å selja husværa i blokka nærmast Oseana. Kanskje også den nest ytste blokka. Når vi har selt halvparten av husværa byrjar vi å bygga.

Husværa får faste prisar og blir selt etter fastsette ansiennitetsreglar i Stor-Bergen Boligbyggelag.

84 husvære i første byggetrinn
Det kjem til saman 84 husvære i dei fire blokkene som skal stå på fylling i sjø. Blokka nærmast Oseana og nærmast Os sentrum får nokre færre enn snittet på 21, for det er i dei to blokkene i ytterkant at dei største husværa kjem.

Truleg blir det 18 husvære i kvar av dei to ytste blokkene og 24 i kvar av dei to i midten.

- Vi må laga heile kaiplata i ein eingong, og den kjem til å kosta ein del kroner. Derfor må vi også bygga alle dei fire blokkene meir eller mindre samstundes.

Os Sjøfront deler risikoen med eit forsikringsselskap, men ventar til dei har selt halvparten av husværa før dei startar bygginga.

Frå 55 til 162 (!) kvadratmeter
Dei minste husværa i dei fire blokkene i sjø blir 2-roms på rundt 55 kvadratmeter. Det største blir eit eksklusivt husvære på 162 kvadratmeter, med blant anna tre doble soverom og 2,5 bad.

- Det blir få husvære over 150 kvm, dei fleste blir mellom 85 og 100 kvadratmeter, i nokre kan kjøparane bestemma sjølv om dei vil ha 3 eller 4 soverom.

Rustar opp Mobergsvikjo
Døsen fortel at det er eit stort engasjement og mange positive tankar om utviklinga av området, også utanfor der bustadane kjem. Blant anna er Bergen og Omland Friluftsråd på banen, og med i fleire diskusjonar.

- Også dei som ikkje har planar om å kjøpa husvære i området får mykje å sjå fram til. Både strandpromenadaen og det som er av idear for moloen og i Mobergsvikjo kan gjera friluftsområdet endå meir attraktivt enn det har vore til no.

- Dei tøffaste gutane og jentene kan for eksempel sleppa å ligga i Vikjo og plaska med ungane, for vi har blant anna planar om å bygga stupebrett på moloen. I tillegg kjem nok også stranda til å få seg eit løft, fortel Tor Inge Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.