Lokal | 18. jan. 2019

Selde marihuana for 32.000 kroner

Mannen frå Bergen var påverka då han blei stoppa i bil på Os.

Selde marihuana for 32.000 kroner
Bergen tinghus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. jan. 2019 09:25

Han blei stoppa i Os, rusa bak rattet og med marihuana i bilen, på ettermiddagen ein søndag i mai.

No er mannen, som er i 30-åra og busett i Bergen, dømt til 7 månadar fengsel.

Tidlegare tatt med 870 gram

Tiltalte hadde 11,6 gram marihuana på seg då han blei stoppa i Os.

Fire månadar tidlegare blei han tatt med 871,4 gram marihuana på ei adresse i Bergen. Han var i tillegg tiltalt for å ha selt marihuana for 32.150 kroner.

Han blei òg tatt med eitt gram marihuana på seg knappe to veker før han blei stoppa på Os.

Mottok pengar via Vipps frå over 50 personar

Tiltalte sa seg skyldig i køyring i rus og oppbevaring av 11,6 gram då han blei stoppa i Os, men berre delvis skyldig i oppbevaring av dei større mengdene og ikkje skyldig i sal av marihuana.

Han forklarte at han trudde han hadde mottatt 500 gram, noko han hadde fått levert på døra same ettermiddag som ransakinga, og at han derfor berre kunne straffast for den mengda han hadde venta å få.

Tiltalte hevda at alt var til eige bruk, men retten viste til både ei liste funnen saman med 32.150 kroner i kontantar, og bankutskrift med innbetaling av fleire runde beløp på 200, 300 og 500 kroner frå 50 ulike personar.

Han blei dømt til 7 månadar fengsel og til å betala 10.000 kroner i sakskostnadar.

Ein medtiltalt kamerat i 20-åra, som bur på same adresse, er dømt til 90 timar samfunnsstraff. Han innrømte oppbevaring av 30-40 gram.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.