Fotball | 23. mai 2022

Serie-nedtur etter cupsigeren

– Vår fjerde kamp på tolv dagar blei tøff.

Endre Brenne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. mai 2022 07:59

Nordstrand låg eitt poeng bak Os før sjuande serierunde søndag.

Os, som onsdag slo Åsane ut av cupen i ein 120 minutt lang, fysisk og mentalt krevjande kamp - fekk det tøft.

– Nordstrand gjekk ut i hundre, vi klarte dessverre ikkje mobilisera nok krefter til å få overtaket, seier Os-trenar Endre Brenne.

Det sto 0-0 til 30. minutt. Vertane skåra to før pause og eitt mål rett etter pause.

Kampen enda 4-0 til Nordstrand, som dermed klatra til 3. plass på tabellen.

Os ligg no på 5. plass, likt i poeng med 4. plass og 4 poeng bak serieleiar Skeid 2.

Os stilte med same startellevar som mot Åsane, sett vekk frå at Kristian Halvorsen er tilbake, og erstatta Sebastian Plätzer, og Steffen Kvamsdal, som blei skadd, og var erstatta av Mathias Dahl.

– Dette var vår fjerde kamp på tolv dagar. Fleire av spelarane kjenner det godt, og vi har litt småskader i troppen.

Os sin neste kamp går heime mot Sandviken, som er éin plass og to poeng bak.

Sandviken har blant andre tidlegare Os-spelar Viktor Wikheim i troppen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.