Sport | 16. apr. 2010

Seriestart laurdag

Møter rutinert motstandar med Tim Henrik Sperrevik på benken.

Seriestart laurdag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. apr. 2010 13:42

Laurdag startar serien for Os, som i år er tilbake i 2. divisjon. Sesongen startar med heimekamp mot Oslo-laget Kjelsås, det laget i Noreg som har vore lengst i 2. divisjon.

- Vi rykte ned frå 1. divisjon i 2000, og har sidan lagt rundt midten av tabellen i 2. divisjon, fortel Kjelsås-trenar Jan Aksel Odden til Midtsiden.no.

- Grunna askeproblem og flystopp blir det buss på oss. Vi reiser mot i 15.30-tida i dag og overnattar i Bergen.

Godt førebudd
Odden fortel om gode førebuingar gjennom vinteren og få endringar på stallen frå ifjor.

- Vi har mista nokre rutinerte spelarar, men heldigvis fått gode erstattarar.

Blant dei Os-forsvaret må vakta seg mest for i morgon er Simen Møller. Møller skåra 20 mål i 2009, det same som Os-toppskårar Tim Henrik Sperrevik, men i ein annan divisjon.

Banen er fin
Os har ikkje hatt éi trening på grasbanen før sesongstart.

- Det var meininga. Banen er fin, men vi bestemte oss for å spara den til i morgon, seier Os-trenar Frank Hellevik.

Han fortel også at heile stallen er frisk og speleklar, bortsett frå høgreback Anders Glesnes, som har karantene etter det raude kortet i opprykkskampen i fjor.

Med Torkel på topp
Hellevik seier spelerane har vore gjennom ei fin utvikling i vinter. Spelestilen han innførte i fjor er betre innarbeida, dei unge spelarane er eitt år eldre og dei eldre spelarane er i endå betre form enn i fjor på denne tida.

- I tillegg har vi fått nokre nye spelarar som har vore med på å gje laget ekstra styrke, spesielt offensivt.

Os startar med Torkel Hjertnes på topp og Tim Henrik Sperrevik på benken.

- Torkel har vore eit mareritt for motstandarane sitt forsvar i treningskampar i vinter. Tim er også i støtet, og kan med si rutine vera ein god mann å setja innpå anten vi ligg over eller under.

Morgondagens tropp
Å ta ut troppen til sesongens første kamp er noko trenaren synes er litt vanskeleg.

- Stallen er jamn, men eg meiner vi ut frå prestasjonane den siste tida tatt ut ein tropp som har store sjansar til å sikra oss tre poeng i morgon.

Desse spelar frå start (4-3-3):
Halvard Enes
Daniel Kalstad, Endre Brenne, Per Søgnen Merai og Remi Osebakken
Vegard Leikvoll Moberg, Frode Buvik og Stian Lunde (kaptein)
Preben Borgen, Torkel Hjertnes og Christian Almeland

På benken sit Kjetil Hansen, Dani Alvær Bergstø, Erik Kanestrøm, Tom Skråmestø, Tore Valvik, Christer Olsen og Tim Henrik Sperrevik.

Kampen startar klokka 14.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.