Sport | 16. nov. 2018

Sesongens første medalje

– Eit sjokk for kroppen, seier Sverre etter dagens sesongopning i Japan.

Sesongens første medalje
Henriksen, Lunde Pedersen og Spieler Nilsen på isen saman med trenar Bjarne Rykkje i juni i år. (Foto: Douwe Bijlsma)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. nov. 2018 08:36

Fredag klokka 08.05 norsk tid starta lagtempo herrar i sesongens første verdscup.

Noreg gjekk i sjette og siste par mot Italia, som dei ikkje hadde problem med å slå, men tida til både Russland, som vann, og Nederland på 2. plass, var for god.

– Det gjekk greit, men det var eit sjokk for kroppen å yta maks etter nokre rolege dagar her i Japan, seier Sverre Lunde Pedersen til NRK etter løpet.

Han hadde med seg Håvard Bøkko, Simen Spieler Nilsen og Sindre Henriksen på laget, og gjekk i mål 1,51 bak vinnartida.

Oppkøyrd is skal ha vore eit problem som førte til klage på denne isen i fjor. Håvard Bøkko meinte det var betre i år, men langt frå nokon fordel å gå i siste par.

Dagen i dag held fram med 500 meter. Laurdag morgon (kl 07.55) kan du sjå 1500 meter på NRK1, søndag kan du sova frampå, for 5000-meteren startar ikkje før klokka 08.40.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.