Næringsliv | 01. juni 2010

SFO redusert av streik

Streiken blir utvida onsdag morgon. Alle skulane held ope, men SFO og kommunale barnehagar blir ramma.

SFO redusert av streik
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. juni 2010 12:24

- Det er ikkje noko nytt frå Oslo, og streiken blir som varsla trappa opp i morgon, seier Åse Gjerde frå Delta Os.

Frå onsdag morgon blir talet på streikande auka frå 47 til 114. Det fører til redusert tilbod ved dei fleste skulefritidsordningane og alle dei kommunale barnehagane i Os.

- Det er litt ulikt korleis kvar enkelt blir ramma, men barnehagane og SFO-ane kjem til å varsla foreldra direkte eller via eigne heimesider. I SFO er det dei yngste som blir råka av redusert tilbod, seier personalsjef Eva Røttingen.

Søfteland SFO held fram med å vera heilt stengt, medan desse skulane kjem til å ha redusert SFO-tilbod:
Kuventræ
Lysekloster
Nore Neset
Os
Søre Neset
Søre Øyane

Dei kommunale barnehagane får også redusert tilbod frå onsdag av.

Oppdatert nytt og lenkje til heimesidene til kvar skule og barnehage finn du på oskommune.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.