Sherpaer bygger steingard på Lyngheim

Dei har jobba med Stoltzen og sti til Preikestolen - i dag starta arbeidet med 35 meter med steingard ved Det historiske tunet på Lyngheim.

Tre sherpaer starta i dag bygginga av ein steingard på Lyngheim. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. juni 2016 13:31

Bildeserie:

I muren kjem ei opning på 4 meter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Arbeidet blir leia av Thorhallur Holmsgeirsson. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Steinen kjem frå Fusa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Muren blir 35 meter lang, 1 meter brei og 80 cm høg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Steinen blir nøye tilpassa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I muren kjem ei opning på 4 meter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Arbeidet blir leia av Thorhallur Holmsgeirsson. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5
Arbeidet blir leia av Thorhallur Holmsgeirsson. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Steinen kjem frå Fusa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Muren blir 35 meter lang, 1 meter brei og 80 cm høg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Steinen blir nøye tilpassa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I muren kjem ei opning på 4 meter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I august 2014 var det offisiell opning av Det historiske tunet på Lyngheim, no er arbeidet rundt tunet i full gang.

Eit sikringssgjerde blei i vår montert av Botnevik Samdrift og i dag starta jobben med å bygga ein steingard mellom parkeringsarealet og sjølve tunet.

Frå Nepal til Os

Med stein frå Dale i Fusa skal det no byggast ein 35 meter lang, 1 meter brei og 80 cm høg mur. Muren får ei opning på 4 meter så køyretøy kan koma seg heilt inn på tunet.

Muren blir bygd av eit sherpa-lag frå Stibyggjaren Geir Vetti.

– Eg har med meg tre unge, men dyktige steinmurarar som opprinneleg er frå Tibet, men bur i Nepal. Sherpaene vi bruker i Noreg er alle frå same landsby, Khunde, som ligg 3840 meter over havet, fortel byggeleiar Thorhallur Holmgeirsson.

Urtehage og rosemålarverkstad

– Dette gjev ei fin avgrensing av tunet, med hellelegging innanfor steingarden når han blir ferdig, samstundes som steingarden er ein del av ei stor forteljing om det å byggja i landskapet, heilt frå gardane i vikingtida, seier professor Nils Georg Brekke frå stiftinga bak prosjektet.

Steinmurte geilar førte buskapen ut frå tunet og ut til beite, og fram til dei mange og lange steingardane som markerte eigedomsgrensene mellom gardane heilt fram til 1900-talet. Sidan har dei fine steinmurane prega det vestnorske fjordlandskapet.

– Her er det plan om ein urtehage, noko som skal formast saman med Os barneskule.

– Vi har òg ambisjonar om å få rekonstruert rosemålarverkstaden til Annanias Tveit, noko vi vil søkja om midlar til no i haust.

Sherpa-laget kjem til å vera i sving på Lyngheim nokre veker.

I sommar skal det òg installerast leikeapparat i nærleiken av tunet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.