Os Fotball A-lag | 18. juli 2021

Siger i generalprøven

Alle dei tre måla kom på straffe.

Siger i generalprøven
Roger Ekeland var med 15 mål toppskårar for Os i 2019. Her heime mot Fjøra på tampen av sesongen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. juli 2021 20:04

Etter 3-2-tap for Sandviken onsdag spelte Os i dag siste trening før første NM-runde borte mot Bjarg.

– Det var ei grei gjennomkøyring, der vi fekk til mykje av det vi øver på, og i periodar fekk spelet til å sitja, seier Os-trenar Endre Brenne.

– Men Bjarg skapte litt, særleg i andre omgang blei vi spelt litt låge. Vi ønskte å styra noko meir av kampen enn det vi gjorde.

Bjarg - Os 1-2 (0-1)
Målskårarar, Os: Roger Ekeland og Kristian Halvorsen

Os leiar 2-0 etter to straffar. Så fekk Bjarg straffe, og reduserte.

– Roger var gjennom åleine med keeper etter fem minutt, og blei felt. Hadde det vore seriekamp ville vi nok fått straffe og spelt resten 11 mot 10, trur Brenne.

Men første straffe var det Niklas Lunde Fosen som skaffa, då han kom seg forbi forsvaret. Roger, som med 15 skåringar var Os sin toppskårar i 2019, sette ballen i nota.

Den andre straffen kom då Thomas Spilde på dødball blei felt. Den var det Kristian Halvorsen, somskåra mot både Fana og Sandviken, som sette inn.

Os speler første runde i NM søndag om ei veke, heime mot Øygarden med kampstart klokka 18.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.