Siger, trass svingande prestasjoner
Det blei ein jysare då volleyballdamene til Søre Neset slo Askøy 3-2 måndag.
Etter tøffe kamper mot topplaga venta ein overkommerleg motstander då Søre Neset tok i mot Askøy på heimebane måndag ettermiddag, men det skulle visa seg å bli ein særs spennande kamp.
Søre Neset - Askøy 3-2 (25-21, 12-25, 25-21, 15-25, 15-10)
– Generelt sett så var vi alt for ustabile, fortel assistenttrenar Morten Asphaug.
– Det første og tredje settet har vi full kontroll på og speler opp mot det beste vi har gjort denne sesongen.
– I det andre og fjerde settet så er vi kort oppsummert ubrukelege. Vi får ein kollektiv svikt, spesielt i mottaket sleit vi. Det gjorde at vi ikkje fekk til gode legg, noko som igjen gjorde at Askøy etterkvart kunne lesa angrepa våre ganske enkelt, forklarar Asphaug
Gode 15-åringar
I det femte og siste settet opparbeider Søre Neset seg relativt raskt ei god luke til Askøy.
– Vi klarer å heva oss veldig i det siste settet og får ein god ledelse. Askøy tek innpå igjen, men vi klarer å halde unna heilt inn.
– Var det nokre av spelarane som utmerka seg spesielt?
– Ja, libroen vår Mari Skogland (15) og midtspelaren vår Cherin Eide (15) klarte seg veldig bra. Dei to er framleis juniorar, avsluttar Asphaug.