Sport | 13. mars 2017

Sikra plassen i 2. divisjon

Volleyballdamene til Søre Neset blir i 2. divisjon også neste sesong etter å ha slått Viking 3 2-0 på Husnes.

Sikra plassen i 2. divisjon
Volleyball-damene til Søre Neset kunne jubla for fortsatt spel i 2. divisjon etter rankingturneringa på Husnes i helga (privat foto)
Andris Hamremåndag 13. mars 2017 11:48

Denne helga avslutta Søre Neset-damene sesongen med rankingturnering på Husnes.

Etter siger 2-0 (25-17, 25-23) over Viking 3 i den første kampen var det allereie klart at dei var klare for ein ny sesong i 2. divisjon.

– Då var det berre teori som kunne ta frå oss plassen. Skulle det ha skjedd måtte Sotra minst ha tatt andreplass i turneringa. Det skjedde ikkje. Dei kom i staden på siste plass i si pulje, fortel Morten Asphaug, assistenttrenar for Søre Neset.

Serverekkje sikra 5. plass

Søre Neset stilte med eit skadeskutt lag i rankingturneringa og hadde lite å stille opp med i dei to siste innleiande kampane mot Strand Ulv (19-25, 17-25) og Trio (3-15, 15-25).

– Tre av spillarane våre var halvskadd, i tillegg måtte leggjaren vår ein tur på legevakta, så det blei litt for vanskeleg. Men dei vi hadde tilgjengeleg fekk god trening og hausta nyttige erfaringar.

– I kampen om 5. plassen mot Gneist rota vi i starten av begge setta. Vi ligg under 15-23 i første settet før vi snur det. Birte Vevatne leverer ei enorm serverekkje og resten av gjengen leverer ein fantastisk defensiv innsats.

– Det andre settet blir ganske likt og vi ligg under 14-19 då Amanda Bøe blir bytta inn for å serva. Ho gjer som Birte og vi kan kort tid etter jubla for 25-20 siger og 2-0 i sett, fortel Asphaug.

Nådde målet

Med femteplassen nådde Søre Neset målet om å halda seg i 2. divisjon etter opprykket i fjor.

– Det er vi veldig nøgde med. Det har vore ein vanskeleg sesong med mange skader og spelarar som har vore opptatt med andre ting, så vi har slitt litt med oppmøte på treningane. Slik sett har vi spelt betre enn venta. Det er ein enorm forskjell på 2. og 3. divisjon.

– Det at vi har spelt fem kampar til fem sett og vunne alle er ei erfaring som er viktigare og meir nyttig enn det at vi berre fekk to poeng i dei kampane (vinn du kampen etter tre sett får du tre poeng, journ.mrk), avsluttar Morten Asphaug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.