Os ungdomsskule - øving til Mamma Mia!

Siste finpuss på Mamma Mia

Os ungdomsskule har lagt ut 1000 billettar. No har to valfag-grupper travle dagar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Valfag-gruppa «sal og scene» ved Os ungdomsskule har sett opp Mamma Mia i Oseana, og valfag-gruppa «design og redesign» kjenner seg heldige som har fått lov å laga kulissar til medelevane si framsyning.

– Men eg veit ikkje om vi har tatt oss vatn over hovudet, for no har vi det travelt, seier lærar Inga-Hilde Breivik og ler.

Det er elevar ved niande og tiande trinn som deltar. I stykket blir vi kjende med Donna og dottera Sophie som skal gifta seg. Sophie vil gjerne ha sin eigen far i bryllaupet, men problemet er at Donna ikkje veit kven faren er!

• Les òg: Alle kom ut av Abba-skapet

Har allereie selt over 300 billettar

Musikalen byr på kjende Abba-låtar, kjekke dansenummer, og mykje drama og romantikk.

Janie Frostad Laupsa og Tonje Thorsnes Nybrot har regien.

– Vi er veldig stolte av å setja opp ei ny og spennande framsyning med skulen sine elevar, vi gler oss til å sjå Mamma Mia, seier rektor Kåre Lutro til Oseana.no, der han reknar med at Oseana blir fullsett.

Det kan han få rett i.

Det er sett opp to framsyningar torsdag 22. mars, den eine er allereie halvparten selt, til den andre framsyninga er ein tredel av billettane «røska vekk».