Siste tua velta stort lass
- Eg hadde berre éin grabb igjen då eg byrja å segla utfor, seier maskinføraren.


Ingen blei skadd då ei gravemaskin hamna på sida i Haugsbrotet. Maskinføraren, Glenn Hovland, var sjølv med på å festa kjettingane då ein mobilkran i dag løfta maskina opp på belta igjen.
- Eg hadde éi tue igjen å løfta opp på det som skal bli plen då eg merka at maskina byrja å skli sidelengs. Forsøket på å hindra velt var dessverre ikkje vellukka, seier Hovland.
Maskinføraren, som jobbar for Robert Kaastad AS, blei ikkje skadd i velten, men ruta i styrhuset på gravemaskina blei knust.
Uhellet skjedde under eit oppdrag på ei bustadtomt i Haugsbrotet måndag.
VIDEO: Sjå gravemaskina bli løfta på plass igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)