Os Rundt 2018

Sjå 100 deltakarar slita seg opp Mobergsbakken

Os Rundt 2018: I fjor blei det hårfin 2. plass på Kjetil K. Isaksen, i dag stakk han av med sigeren.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag, tradisjon tru på 1. mai, blei Os Rundt arrangert, i år for 39. gong på rad.

– Vi hadde 105 påmeldte og 100 som starta, fortel leiar i arrangørklubben CK Henie, Edvard Ramsvik.

I fjor var det 109 deltakarar i sykkelrittet med maratondistanse, eit ritt mange bruker som sesongstart.

Start og mål er ved Os Gymnas og ut ved Idrettsvegen, men tidtakinga startar først når deltakarane passerer Gymnasvegen nede i Byvegen. Følgjebilen ligg i 40 km/t gjennom 40-sona i sentrum for å bremsa feltet, og slepp først opp farten i Mobergsbakken.

Det regna litt før start, men asfalten heldt seg tørr, vinden løya og deltakarane fekk veldig gode forhold.

Nær siger i fjor

– Eg trudde eg vann i fjor òg, men då var det visst ein annan som var litt framfor meg, seier Kjetil Isaksen frå Vossevangen CK.

I debuten fjor blei det 2. plass bak Øystein Blom-Ohlsen, begge med tida 1.00,55. I år vann han med tida 1.02,08 og margin på rundt ein meter til nestemann.

– Vi var 8 stykker som stakk opp Fanfjellet, men tilbake på Os var vi 18-20 som kjempa inn mot mål.

Torleif Solli tok 2. plassen, fleire deltakarar kom inn på 1.02,09 på delt 3. plass.

Raskaste av to kvinner blei Katinka Berg frå Os. Ho syklar for Bergen CK og kom i mål på 1.21,47, tre sekund framfor nest raskaste kvinne.

Øystein Tveit raskaste frå CK Henie

CK Henie hadde 20 medlemmar ute i felten som løypevaktar, i år utan assistanse frå politiet for første gong.

– Vi har fleire som har vore på kurs, nokre også på utvida kurs så dei har rett til å stoppa og halda bilar igjen, fortel Ramsvik.

Ein av desse er klubbens truleg raskaste syklist, Samund Nordang. Dermed blei det berre tre deltakarar frå Henie.

Raskast av desse var Øystein Tveit, som kom i mål på 1.12,24.

– Laurdag var det halvmaraton i Bergen, søndag var eg på langkøyring på sykkel, så det var tungt i dag, seier Øystein, som skal sykla Trondheim-Oslo i juni.

Brattabø er framleis beste osing 

Lars Erlend Brattabø, som var nest beste av 17 deltakarar i klassen M50-59, var raskaste osing i år igjen.

– Eg heldt følgje med teten til vi kom til Fanafjellet. Eg synest Fanafjellet blir tyngre og tyngre frå år til år, seier Brattabø og ler.

Han var likevel, i motsetnad til vinnaren, raskare i år enn i fjor. I dag kom han i mål på 1.03,27, i fjor brukte han 1.04,12 på å koma seg rundt Os.

Ein annan rask syklist frå Os, som står oppført med «Lepsøy» i staden for klubb, er polske Tomasz Bialas. Han kom i mål rett bak Brattabø på tida 1.03,45.

• Sjå komplett resultatliste på eqtiming.no

• Midtsiden samleside: Sykkel

Fleire saker