Sjåfør meldt grunna manglande merking
... og på Søfteland var det utrykking til «brann» som var røyk frå aggregat.


Statens vegvesen hadde onsdag kontroll på Halhjem ferjekai igjen.
Ti køyretøy blei kontrollert for dekk og kjetting, noko dei fleste hadde i orden, men éin av dei fekk gebyr på 2000 kroner grunna eitt dekk med lite mønsterdjupne (under 5 mm).
5 av 10 tunge bilar blei kontrollert nærmare, 2 av desse fekk bruksforbod grunna dårleg sikra last.
Ein spesialtransport med brei last mangla fleire krav i dispensasjonen, blant anna var det mangelfull merking, feil farge på breiddemarkøran, manglande lys og manglande skilt om brei last.
– Det blei ilagt køyreforbod og sjåfør er meldt, fortel Knut Sylta i Statens vegvesen.
Politiet hadde éi utrykking i går. Saman med brannvesenet reiste dei i 01-tida til ein byggeplass i Storestraumen etter melding om røykutvikling.
– Det viste seg å vera røyk frå eit dieselaggregat inne i bygget. Det var ikkje tillaup til brann, men entreprenør er varsla, seier politioverbetjent Atle Birkeland.