Sjekk sluk og renner
Brannvesenet ber osingar sjekka sluk og stikkrenner. Kan komma 90 mm nedbør på 24 timar.
I august 2012 opplevde osingane flaum kor mellomanna sentrum sto under vatn. No har NVE har sendt ut OBS-varsel for Hordaland, Sogn og Fjordane. Så mykje som 90 mm nedbør kan komma på 24 timer.
I følgje yr.no vil det verste regnvêret setta inn i 21-tida torsdag kveld og halde det gåande til i 11-tida fredag førmiddag.
Utover fredagen vil det letta og laurdagen er det spådd å komma 3,1 mm, medan sundagen blir blautare igjen med vel 12 mm. Temperaturen vil ligga på 10-12 grader.
Ta førehandsregler
Brannvesenet ber folk ta sine førehandsregler.
– Vi vil oppmode alle huseiegarar til å ta ei runde rundt på eigendomen din og sjekke at slukar og stikkrenner med meir, er tom for kvistar og lauv!
– Dette kan forebygge mot at vatn renn inn i kjellarar, skriv Os brann, beredskap og legevakt på facebook-sida si.