Lokal | 09. juli 2009

Sjekka søl

Dei siste vekene har brannvesenet fått fleire meldingar om kvitt søl i fjorden. Torsdag blei det tatt vassprøvar.

Sjekka søl
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. juli 2009 22:29

Bildeserie:

1 av 3

- Første gong eg fekk melding om dette var laurdagen under bluesfestivalen (27. juni), fortel teknisk vakt i Os kommune, Finn Harald Eliassen.

Torsdagen etterpå skreiv vi om brannvesenet som hadde vore ute og inspisert det kvite sølet som blant anna er observert utanfor Ytterøya og Røttingen. I første runde blei det ikkje tatt prøvar, men meldingane om den geleaktige massen har halde fram med å tikka inn.

- Vi har fått nokre meldingar om dette no, sa brannvakt Gunnar Hatlelid til midtsiden.no tidlegare i veka.

- Det luktar ikkje nok særleg, så det er kanskje ikkje fiskefett, slik nokre av innringarane trur. Om dette noko ein båt eller eit oppdrettsanlegg har sloppe ut, eller om det er noko som har flote opp grunna varmen, er ikkje lett å seia.

Saman med Eliassen var han usikker på om det blei tatt prøvar på brannvesenet sin første runde, og ingen hadde meldt forureining til lensmannskontoret.

Tok prøvar torsdag
Onsdag skreiv Os & Fusaposten om ein hytteeigar som hadde tatt med seg vassprøve til avisa. Saman gjekk dei til Kundetorget i rådhuset, fylte ut skjema og leverte prøven.

- Denne prøven var ikkje god nok, prøve må takast i 100 prosent reine glas, og på bestemt djup. I dag var vi ute med folk frå kommunen som jobbar med å ta vassprøvar, og dei tok fire prøvar som blei sendt vidare til miljøavdelinga hos Fylkesmannen, Kystverket og politiet, seier Hatlelid til midtsiden.no torsdag ettermiddag.

Han reknar med å få svar på prøvane måndag.

- Det blir spennande å sjå kva dette er, men det spørs om vi finn syndaren. Vi fekk meldingar om noko liknande i fjor, då fann vi ikkje ut kven som sto bak.

Kan det vera ein kval som har hoppa av i svingen? Veit du kva dette er, eller har du gjort observasjonar av den kvite massen? Logg inn og kommenter saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.