Politi | 06. okt. 2022

Sjekka trafikken ved stoppskilt - for tredje dag på rad

Også i går blei det fangst.

Sjekka trafikken ved stoppskilt - for tredje dag på rad
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. okt. 2022 08:04

I 13.20-tida onsdag hadde UP kontroll i krysset mellom Lepsøyvegen og E39 Halhjemsvegen.

Der blei tre trafikantar tatt for ikkje å stoppa før stoppskiltet. Kvar av dei fekk 7.450 kroner i forelegg og treprikkar på førarkortet.

Dette er tredje dag på rad med kontroll i krysset.

Måndag blei det tatt 2, tysdag og onsdag 3 kvar.

I alt er det, i løpet av 6 kontrollar spreidd over 13 dagar, skrive ut 15 forelegg i same kryss av same årsak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.