Lokal | 06. juni 2018

Sjekka tunge køyretøy på Halhjem

Vegvesenet delte ut bruksforbod og mangellappar.

Sjekka tunge køyretøy på Halhjem
Statens vegvsen på Halhjem. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. juni 2018 13:39

Statens vegvesen har i dag kontrollert tunge køyretøy på Halhjem ferjekai.

I det som blir skildra som «en rolig dag på Halhjem», utan å avdekka noko alvorleg på dei 24 køyretøya som blei kontrollert, blei det likevel funne ein del å reagera på.

For eksempel blei det gjeve åtvaring til 5 av 9 som var kontrollert for køyre- og kviletid.

Sånn ser oppsummeringa ut:
3 førarar fekk muntleg åtvaring på køyre- og kviletid.
2 stk førarar fekk skriftleg åtvaring på køyre- og kviletid.
1 køyretøy fekk tekniske manglar grunna rustne bremseskiver på boggiaksel.
1 køyretøy fekk teknisk mangel på oljelekk frå lift.
1 køyretøy fekk mangellapp på feiljustert hjulstilling.
1 køyretøy fekk bruksforbod på for dårleg sikra last.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.