Lokal | 16. okt. 2014

Sjekka utlendingar i Os

Politiet i Os og Bergen var på kontroll både i bustader og hos bedrifter onsdag.

Sjekka utlendingar i Os
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. okt. 2014 07:33

Onsdag var utlendingseksjonen i Bergen i aksjon i Os.

– Saman med oss frå Os lensmannskontor blei det gjennomført kontroll av dokument til personar, både på private adresser og ved fleire serveringsstadar, seier politibetjent Thomas Juulseth.

– Full rapport er ikkje klar, men aksjonen ser ikkje ut til å ha avdekka nokre straffbare forhold.

Påkjørt rev

Klokka 20.40 onsdag kveld fekk politiet melding om påkjørt rev på Ulvenvegen ved Kloppamyra næringsområde.

– Reven overlevde og sprang til skogs. Viltkontakten fekk melding om saka og følgjer opp.

Sjekka dokument i Hjellemarka

Onsdag kveld hadde politiet også ein trafikkontroll på E39 i Hjellemarka på Søfteland.

32 bilar blei kontrollert, alle hadde dokumenta i orden og ingen blei tatt for ulovleg bruk av mobil.

Også UP hadde kontroll i Os i går, på vekta på Halhjemsvegen frå klokka 14.15. Her har vi førebels ikkje fått fangstrapport.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.