Sport | 26. apr. 2017

SjekkUT Os-fjella

Os Turlag lanserer fredag, saman med DNT over heile landet, ein ny gratis app som gjer det enklare å finna turmål i Os.

SjekkUT Os-fjella
Beate Valvik i Os Turlag syner fram appen DNT sjekkUT som offisielt lanserast fredag, men allereie i dag kan du lasta den ned (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 26. apr. 2017 06:43

Bildeserie:

I appen er 12 av fjella i Os lagt inn (skjermskot frå DNT sjekkUT)
I appen er 12 av fjella i Os lagt inn (skjermskot frå DNT sjekkUT)
Kvart av fjella blir presentert med kart og beskrivelse  (skjermskot frå DNT sjekkUT)
Kvart av fjella blir presentert med kart og beskrivelse (skjermskot frå DNT sjekkUT)
Du får enkelt oversikt over toppane og kva turlister du har meldt deg på. Du kan òg laste ned karta for offline bruk  (skjermskot frå DNT sjekkUT)
Du får enkelt oversikt over toppane og kva turlister du har meldt deg på. Du kan òg laste ned karta for offline bruk (skjermskot frå DNT sjekkUT)
1 av 3
I appen er 12 av fjella i Os lagt inn (skjermskot frå DNT sjekkUT)
Kvart av fjella blir presentert med kart og beskrivelse  (skjermskot frå DNT sjekkUT)
Du får enkelt oversikt over toppane og kva turlister du har meldt deg på. Du kan òg laste ned karta for offline bruk  (skjermskot frå DNT sjekkUT)

DNT SjekkUT er namnet på den nye appen som Beate Valvik i Os Turlag den siste månaden har jobba med å legge inn ulike turmål og turlister i.

– No skal Friskusgruppa i turlaget ein tur opp på Borgafjellet for å testa den, så er vi klare til lansering, fortel Valvik då Midtsiden møtte ho utanfor Os Næringspark måndag ettermiddag.

Førebels 12 fjell

I appen er er 12 av fjella i Os førebels registrert. Desse er:

• Borgafjellet
• Liafjellet
• Linken
• Lyshornet
• Midtsæterfjellet
• Møsnuken
• Rindafjellet
• Rødsfjellet
• Sauskolten
• Svinningen
• Søtefjellet
• Tøsdalsfjellet

Kvar av toppane er lagt inn med kart og beskrivelse.

– Håpet er jo at enno fleire skal komma seg ut, no når dei finn alle turmåla på sin eigen telefon. Kanskje spesielt kan det vera ein pådrivar for alle dei som har flytta til Os dei siste åra, men som ikkje har lært seg kva fjell som er i bygda, og kor ein kan starta for å bestiga dei.

– I karta finn ein dei stiane som er gått opp med GPS og lagt inn på UT.no. Difor kjem ikkje alle stiane og startpunkta opp i kartet, men eg har freista å beskrive alternative vegar i omtala av kvart turmål.

– Eit døme på det er Liafjellet, som førebels berre er GPS-gått frå Nore Neset. Etterkvart som vi også får gått opp dei andre vegane dit og lagt dei inn på UT.no, så vil desse også dukke opp i appen, forklarar Valvik.

Tre turprosjekt så langt

Valvik har så langt lagt inn tre turprosjekt i appen.

– «Fjellgeito i Os», innheld toppane Borgafjellet, Lyshornet, Rødsfjellet, Linken, Tøsdalsfjellet, Møsnuken, Midtsæterfjellet, Rindafjellet, Søtefjellet og Svinningen.

– «Fjellkillingen i Os» - inspirert av fjella Os Barneskule bruka på sine fjellturar på 90- tallet. Turprosjektet inneheld toppane Liafjellet, Borgafjellet, Lyshornet, Midtsæterfjellet, Rødsfjellet og Møsnuken.

«Os- viddo». Bergensarane er flinke til å skryte av Vidden, no er det på tide at folk får augene opp for den fantastiske vidda vi faktisk har her i kommunen. Turprosjektet inneheld toppane Svinningen, Søtefjellet, Sauskoten, Rindafjellet og Midtsæterfjellet.

– Dette er dei turprosjekta vi har lagt inn så langt. Har folk ønskjer eller innspel til andre turprosjekt eller andre turmål er det berre å sende ein epost til turlaget. Det treng ikkje vera fjelltoppar. Vi har mange fine turar langs kysten som òg kan leggast inn, seier Valvik.

Elektronisk bok

Valvik fortel at dei i turlaget får eindel henvendingar om postkassene og bøkene som ligg på dei ulike toppane.

– Desse er det ikkje vi som har ansvaret for, men eg skjønner godt at folk blir litt lei seg om postkassa eller boka er øydelagt. Difor vil du i appen kunne registrera deg inn på dei ulike toppane, akkurat som du ville ha gjort i boka. Då får du raskt oversikt over kva toppar du har vore på, kor mange gonger du har vore på kvar og om du har fullført alle toppane i eitt av turprosjekta. Du får automatisk varsel av appen når du er 50 meter frå toppen.

Lag din eigen konkurranse

I appen ligg det ikkje nokon konkurranse - enno.

– Nei, vi har ikkje vald å legga inn det. I Os har vi Jaktfalken som Hegglandsdalen IL driv, og vi har ikkje ønskje om å konkurrera med den no.

– I framtida kan det bli konkurranser av typen «Gå til Everest» eller Seven Summits. Seven Summits tilsvarar 120 gangar på Linken. Førebels registrerer ikkje appen høgdemeter, berre kor mange gongar du har vore på ein topp, men den blir stadig videreutvikla, så høgdemeter kjem.

– I staden for at vi legg inn ei konkurranse i appen, kan du jo laga din eiga. Utfordr naboen på å ta ei av turløypene, eller nokre av fjella. De kan poste turane og bileter direkte i sosiale medier frå appen, avsluttar ho.

Er du av den utålmodige typen kan du allereie lasta ned DNT sjekkUT-appen hos Google Play og App Store.

PS. Appar erstattar ikkje kart og kompass, det bør du framleis ha med deg om du skal ut på tur.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.