Lokal | 18. mars 2014

Sjølvkritisk godkjent

Aukinga av budsjettet på utvidinga av Kuventræ barneskule vedtatt av eit sjølvkritisk formannskap måndag.

Sjølvkritisk godkjent
Tomta ved Kuventræ barneskule er avretta og klar til å byggast på (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 18. mars 2014 08:47

Det var eit audmjukt og sjølvkritisk formannskap som måndag ettermiddag vedtok å løyva totalt 16 millionar kroner til utvidinga av Kuventræ barneskule etter at saka blei stoppa og formannskapet gjeven fullmakt til å fatta vedtaket i kommunestyret 4. mars.

– Vi er klint opp i eit hjørne. Vi har hatt dei fem siste åra på å bli klare for å handtere den utfordringa det store 2008-kullet medfører, no skal vi bruka fem minutt på å skape løysningar. Vi må klara å vera meir langsiktige enn dette, meinte Lars Atle Skorpen (Ap).

– Vi får vel ta skylddeling på den dårlege tida.

– Det som slår meg er at det må ha vore gjort ein for dårleg jobb i anbodsgrunnlaget når ein så enkelt kan kutta frå 21,5 millionar til 16 millionar. Då må det ha lagt ting inne som ikkje hadde trengt vera der, påpeika Marie Bruarøy (H).

Skulen var for dårleg kartlagt

Også prosjektsjef Tor Inge Døsen frå administrasjonen tok sjølvkritikk på saka.

– Eg var for optimistisk i prisanslaga eg gav ordføraren i samband med budsjetthandsaminga.

– Eg klarte ikkje sjå kva Kuventræ skule eigentleg trengde. Dei har eit fantastisk lærarkollegie der oppe som har klart seg i ein skitdårleg skule.

– Til dømes har dei null, ingen, zero, garderobar til dei tilsette. Denne løysinga vil i allefall til ein viss grad bøta på dette.

– Når det er sagt så skulle eg òg ha vore tøffare med konsulenten vi nytta. Nokre av dei løysingane han la inn treng vi ikkje og det er dei vi fjernar no, forklarte Døsen som svar til Bruarøy.

Lot seg pressa

Også dei andre representantane i formannskapet tok til ordet for at ein burde ha handtert saka annerleis og at ein burde ha klart å sjå dette koma tidlegare enn i budsjetthandsaminga i fjor haust.

– Det er visst dagen for store sjølvranksakingar dette.

– Vi kan vel kanskje si om oss sjølv at vi ikkje har hatt is nok i magen, men latt oss pressa. Det har vi alle vore med på og då har vi kome opp i denne situasjonen, konkluderte Bjørn Matland (H).

Hadde plan for elevvekst

– No er det ikkje heilt rett at vi ikkje har tenkt langsiktig, påpeika ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Vi må hugsa på at vi i skulebruksplanen slutta oss til nokre prinsipp som administrasjonen har styrt etter. Det låg føringar på at vi skulle nytta ledig kapasitet på Nore Neset barneskule og Søfteland barneskule for å ta elevveksten når dei to nye ungdomsskulane sto ferdige.

– Det er dette administrasjonen styrte etter då dei foreslo bussing til Søfteland. At vi politisk valde å i staden bygga på Kuventræ no og å framskunda det som låg i skulebruksplanen.

– Det var vi politisk som valde å endra kurs. Det som overraska oss er at prisen blei så høg som den blei, meinte Søviknes.

Må ha ein plan klar

Eit samrøystes formannskap gjekk for å løyva dei 5,5 millionane ekstra, men er samstundes uroa over om ein rekk å få skulen ferdig til skulestart.

– Framdriftsplanen styrer mot august, men det bør vera ein viss beredskap i administrasjonen på å leiga seg inn i nærliggande lokaler for ein månad eller to om det blir naudsynt, påpeika ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.