Lokal | 28. nov. 2009

Sjukebil henta ungdom

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. nov. 2009 22:13

Laurdag 20.34 fekk politiet melding om tre sterkt rusa personar på Torget i Os sentrum.

- Politiet tok med seg ein av dei, ein annan var så rusa at vedkomande blei henta med ambulanse, sa Terje Andersen, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, til Midtsiden.no laurdag kveld.

I dag fortel operasjonsleiar Ole Geir Magnussen at det er mistanke om GHB-bruk og overdose.

- Meldinga gjekk ut å at ein av dei låg på fortauet, to sat inntil ein jernvarebutikk. Det var to menn og ei kvinne, alle er mellom 20 og 25 år.

Mannen som låg i bakken blei liggande medan dei to andre stakk av. Ambulansen tok med seg overdoseofferet medan politiet i løpet av kvelden fekk tak i dei to andre.

Ein av dei som stakk frå staden blei putta i forvaring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.